Arve minnast som ein svært snill og hjelpsam person. At han var mykje plaga av sjukdom dei siste åra var på alle vis ufortjent, men på pragmatisk vis avfann han seg med det. Ynskje om 5-vekes tippekupong og Programbladet var alltid teikn på at han var på betring igjen. Takk til sjukehus og heimehjelpa for mange år med omsorgsfull pleie.
Fred over ditt minne, Arve.